Kjære medlem, samarbeidspartnar og støttespelar🍂
Hausten er godt i gang, og vi vil gjerne dele nokre glimt frå ein innhaldsrik september, og invitere dykk med vidare inn i ein fargerik oktober.
Haustsesongen starta med deltaking på MIN kulturverndag, eit arrangement i regi av Sunnhordland Museum, i samarbeid med fleire lokale organisasjonar. Dagen vart kjempefin, med mykje folk og god stemning. Tusen takk til alle som bidrog og kom innom🌍
Dansegruppa vår er godt i gang igjen, med høgt oppmøte og mykje energi. Det er ei glede å sjå både nye og kjende ansikt, og vi håpar endå fleire vil bli med framover💃
Språkkafeane er svært populære, og Stord folkebibliotek har vist seg å vere ein framifrå arena for slike arrangement📚
September-kaféen ☕ vart noko heilt spesielt: i tillegg til god syrisk mat og fine møte, fekk vi oppleve eit musikalsk innslag som løfta stemninga og skapte nye forbindelsar. Dette markerer starten på eit nytt og spennande samarbeid mellom Internasjonal Kulturklubb og Stord Kulturskule.
🚀Nytt haustprosjekt på gang🚀 Vi er også i gang med å planleggje eit spennande haustprosjekt saman med den lokale organisasjonen Stord Comalapa. Følg oss gjerne på Facebook for oppdateringar og innblikk i kva som kjem.
Kva skjer i oktober? Oktober byr på fleire høve til å møtast og dele:
– internasjonal kafé: 18. oktober, i Leirvikstova, med indonesisk mat.
– matkurs: 29. oktober ved Nordbygdo ungdomsskule (påmelding til Tora D. Eikeland, tlf. 91563184)
– medlemstreff: 26. oktober kl. 16.00 i Hagerupshuset; ingen kleskode, berre triveleg prat og noko godt å bita i. Alle medlemmar er hjarteleg velkomne på treffet. Inga påmelding, berre møt opp!
Nettsideoppdatering: no kan du både melde deg inn i IKK og abonnere på nyheitsbrevet vårt ved å fylle ut skjemaet her: www.ikkstord.no/bli-medlem
Vil du bidra🙌?
Vi treng fleire frivillige i ressursgruppa vår. Har du lyst til å vere med, eller kjenner du nokon som kunne passa?
Du kan også støtte oss ved å dele innlegg frå aktivitetane våre vidare. Kanskje nokon du kjenner treng å vite om oss.
Har du bilete frå arrangement? Send dei gjerne! Vi deler gjerne vidare glimt frå fellesskapet vårt.
Vi er stolte av det vi får til saman, og takksame for kvar og ein som bidreg🌟
Med ynskje om ein inspirerande oktober,
Styret i Internasjonal Kulturklubb Stord