Vi har litt av kvart «å by på»  i haust 2025. Programmet gjenspeglar  at vi er ein internasjonal kulturklubb. Du finn aktivitetar innan dans, mat, musikk og språk.

MUSIKK OG DANS

IKK DANSEGRUPPE – eit gratis tilbod til alle som likar å danse. Solveig og Kjersti Andersen instruerer i afrikansk og latinoinspirertdans.

Stad: Leirvikstova

Tid: Måndagar frå kl.18.00-19.00

Datoar: 25.08, 08.09, 22.09, 06.10, 20.10, 03.11, 17.11, 01.12.25.

MAT
Vi held fram med vårt INTERNASJONALT MATKURS.  Hausten 2025 vil me lære deg å laga vegetarmat.

Stad: Nordbygdo ungdomsskule

Tid: Onsdag 29.10.2025 frå kl.18.00-21.00

Prisar: kr.300medl./kr.500 ikkje medl.

Påmelding til Tora D. Eikeland Tlf. 915 63 184

20.september og 18.oktober 2025 vert det INTERNASJONALE KAFEAR.  Der kan du kjøpa eit variert utval av mat frå t.d. Syria, Tyrkia, Indonesia m.m. Forming og speleaktivitetarfor borna. Fiksekroken frå Husflidlaget er til stades; dei hjelper med fiksing av klede. Elevane frå Kulturskulen e med oss, og dei gjer stas på samlinga med eit musikalsk innslag.
Kafeane vert i Leirvikstova og er ope for alle.  
Stad: Leirvikstova
Tid: laurdagar frå kl.12.00-15.00.

SPRÅKKAFEAR
Tysdagar i oddetalsveker frå kl.12.30-13.30 er det språkkafear på biblioteket i Kulturhuset.
IKK samarbeider med Stord bibliotek o.a. organisasjonar om språkkafeane.
Dette er eit tilbod til elevar frå vaksenopplæringa og andre som ønskjer å praktisera norsk.

Datoar: 09.09, 23.09, 21.10, 11.11, 25.11, 16.12.25

AKTIVITETSDAG FOR BARNEFAMILIAR (meir info kjem på facebook!)

Stad: Leirvikstova.
Tid: Laurdag 15.11.25.

MEDLEMSTREFF I HAGERUPSHUSET. Ta turen innom for eintriveleg ettermiddag med godt lag, prat og noko å bita i. Me gler oss til å sjå deg!

Tid: søndag 26.oktober kl.16.00.

Du kan sjå alle arrangementa ved å trykke på denne lenka.

IKK SITT PROGRAM FOR BORN OG UNGE SOM BUR I MOTTAK
I tillegg til aktivitetane som er opne for alle, har IKK og tilbod om aktivitetar for born og unge som bur på mottak. Vi søkjer årleg om midlar frå  UDI. UDI lyser ut midlar som lag og org. kan søkja på. Målet til UDI er å gjera tilværet i mottak noko lettare for born og unge.
Programmet vårt vert laga i samråd med mottaket, og vi har fått  pengar hos UDI kvart år vi har søkt
Nokre av aktivitetane vert gjennomførde  i samarbeid med andre organisasjonar, som Røde Kors, CISV og Bygdekvinnelaget.
Andre aktivitetar er i eigen regi.

 ANDRE AKTIVITETAR I SAMARBEID MED ANDRE LOKALE ORGANISASJONER :

Arrangement «MIN kulturverndag – Mangfold og inkludering i nærmiljøet», i samarbeid med Sunnhordland museum, Stord husflidslag, Høgskulen på Vestlandet, Stord Vaksenopplæring.
Stad: Sunnhordlandmuseum.
Tid: Laurdag 06.09.25 frå kl. 12.00-16.00

Ope møte/seminar i samarbeid med Venskap Stord- Comalapa organisasjonen. Meir info kjem på facebook.