
Freedom Tree – konsert i samarbeid med Stord Jazzklubb
World-jazz med Freedom Tree
Midt i november får me besøk av FREEDOM TREE, ein multikulturell jazztrio som har oppnådd internasjonal popularitet for deira strålande framføringar. Trioen, tidlegare kjende som «Freedom´s Trio», valde å gjera ei lettare namne-endring i 2021, og dei fall for namnet FREEDOM TREE, eit namn som gir rom for ei djupare tolking.
Bandet sitt konsept er moderne world-jazz med afro-brasilianske rytmar, med røter i både gammal og ny tid. Det sist innspelte albumet deira har fått tittelen « MODERN ACOUSTIC WORLD JAZZ ROCK». Dette albumet blei tatt opp «live» i studioet under pandemien.
Musikarane i bandet er gitarist Steinar Aadnekvam, opprinneleg frå Bergen, perkusjonist/trommeslagar Deodato Siquir frå Mosambik og elbassist Rubem Farias som vaks opp i Brasil. Alle tre brukar og stemma si på ein del av musikken dei serverer. Trioen har sin base i Stockholm.
Konserten er eit samarbeid Stord Jazzklubb.
Medlemmer IKK/ Stord Jazzklubb: kr 200,-
Ikkje medlem: kr 250,-